SNURPENOTBÅTEN FRÅ KJØPSTAD

Artikkelen er hentet fra Vestnes Sogelag sitt årsskrift 2023.

 

SNURPENOTBÅTEN FRÅ KJØPSTAD

Om ein viktig arbeidsplass som no er borte

Av LARS SIGMUND KLEIVE

 

I mange år var eg tilsett hos Brødrene Kjøpstad Båtbyggeri, og vil her prøve å fortelje korleis ein notbåt blei bygd. Dette var båtar som «moderskipet» – snurparen – hadde med seg, og dei hang gjerne i davitane – eit par på kvar side av moderskipet. Ein davit er ei kraninnretning for å fire ned notbåten på sjøen og å heise den opp igjen. Det var desse hjelpebåtane – notbåtane eller doryane – som hadde snurpenota om bord, og dei blei av den grunn også ofte kalla «posebåtar». Dette måtte vere kraftige båtar, for nota var stor og tung og det var ikkje alltid det var så stille på sjøen.

Sildesnurpar med notbåt hengande i davitane på babord side.

Foto: Ukjent/ Sunnmøre museums samlingar.

 

Det første ein må ha når ein skal byggje båt, er noko å lage båten av. Derfor reiste Gerhard, som var den yngste av brørne Martin, Jørgen og Gerhard Kjøpstad, i lag med ein eller to medhjelparar, for å kjøpe tømmer frå dei som hadde tatt ned tømmer i løpet av vinteren. Desse turane var på våren, og dei kunne gå  langs Fannefjorden til Sekken og langs indre Romsdal.

Under ein slik tur med ferga, er det fortalt at då billettøren kom for å krevje betaling stansa han ved nabobenken, og han som skulle betale hadde berre ein 100-kroner setel, og så spurte han om det var greitt å veksle. Han fekk til svar at så store pengar var ikkje om bord på båten, så han ikkje kunne veksle. Da han kom bort til Gerhard, tok han opp ein 1000-kroner setel. Men da vart det stilt.

Det skulle ganske store mengder tømmer til, for det var mange båtar som vart bygd. Alt tømmer låg ved sjøen, og det vart laga til flåtar på mange tømmer-lengder som vart slepte til Villabø-saga på Sætre. Der kunne det ligge fire–fem lengder frå kaia heilt inn til fyrlykta.

At tømmeret låg i sjøen før det vart skore til bord og kjølar var gunstig, for da vart det lettare å bøye når båten skulle byggast. Det var furutømmer som vart brukt, og det kunne gjerne vere bøygd eller krokete, for eit båtbord er ikkje alltid beint.

Etter at tømmeret var komme til Sætre, var det tid for sagbruket å komme i gang, dei drog opp stokkane frå sjøen på ei renne og la dei ved sida av sagbenken. Det var vel seks–sju karar som arbeidde med dette. Etter dagar/veker var det fullt med ferdig skorne bord, og da var det ein gjeng frå Kjøpstad der og stabla dei råe borda i store stablar nedanfor sagbruket. Dette måtte gjentakast fleire gonger, for det var store mengder bord som måtte vere klare til neste sesong.

Når så hausten kom, bar det over fjorden til Villabø-saga med to notbåtar for å hente dei tørka borda. Notbåtane låg side ved side, og da la vi borda over begge båtane, for borda var lange og slik blei det meir stabilt. Etter at vi kom over til Kjøpstad, var det å bere borda opp i kailageret og stable dei der.

Notbåt frå 1957. Vestnes Sogelag. FylkesFOTOarkivet/IKA Møre og Romsdal 2020. Fotograf Kristoffer Aas (1889–1977).

 

Når alt treverk var komme på lager, var det å begynne på sjølve båtbygginga. Det starta med å gjere kjøl, stamn og stilk klar. Først blei alt høvla til riktig dimensjon og fasong. Så blei det sett saman, kjølbordet festa og det blei frest spor for båtborda i stamn og stilk. Til slutt blei det bora eit foreløpig hòl til propellhylse. Dette var det éin mann som ordna, så det vart tilnærma likt kvar gong. Båten var 10,5 meter frå topp stamn til topp stilk. Når han var ferdig, var det å begynne på ein ny, eller strekke ein kjøl for ein lettbåt.

Hos Br. Kjøpstad blei det også bygd ein type lettbåt (basbåt) med astikk av typen Siemens som var standard i 1960-åra.

Båten har påmontert løybom for å kunne slepe på nota når det var nødvendig. Basbåt med speil bak kom i 1958 og fekk namnet Sputnik etter Sovjet sin første satellitt-oppskyting. Denne båten blei populær, da den var stødigare og hadde større fart enn dei eldre modellane.

 

Båtbygging ved Kjøpstad Båt.

Frå Romsdalsmuseet sine fotosamlingar.

 

Når eit skrog var ferdig opp-borda og ein del av bandingen (spanta) var ferdig, vart skroget flytta eit hakk fram i systemet, og dei som hadde borda opp båten starta på ny båt. Det var som regel seks mann som hadde jobben med å borde opp båten. Det var to mann som «reiv stabelen», plukka og teikna på borda etter malar korleis dei skulle sjå ut frå første bordgang og heilt opp.

Borda vart trilla inn til bandsaga og utskorne, høvla og merka. Dei låg då klare til å begynne på ein ny båt. Karane som jobba med å borde opp båten måtte tilpasse kvart enkelt bord, og dei høvla og skar til slik at det var så rett som mogleg både framanfrå og frå akter, pluss skøyten på midten som ikkje måtte vere på same stad etter ein annan. Før dei sette fast bordet, smurde dei på lare (lare var laga av sinkkvitt og tretjære) og la på tjære-drev for at skroget skulle vere tett. Så bora dei hol der saumen skulle vere, og klinka saman borda. Dei brukte ein litt tung hammar med «klauv» til på-haldar, og ein ganske lett pennhammar til å slå og klinke med. Dette var eit spesielt handverk, og ein måtte ha jobba med det over lengre tid for å bli god. Når eit skrog var ferdig opp-borda, var det å få inn botnstokkar og banding så skroget heldt forma vidare i prosessen.

 

Botnstokkar vert tilpassa; Johan Rypdal (nærast) og Anton Villa.  Frå Romsdalsmuseet sine fotosamlingar.

 

Bakskotten av ein notbåt. Frå Romsdalsmuseet sine fotosamlingar.

 

 

Neste steg var å få inn meir botnstokkar og banding. Vidare var det å bygge esing (båtripa) og fire kraftige tofter. Når dette var ferdig, kunne ein rulle båten på sida og sette inn heiseboltar som gjekk frå over tofta og gjennom kjølen og eit beslag under, og så vart dei klinka på undersida, da brukte dei ein langskafta tohands feisel og storslegge som mothald. Når dette var ferdig, kom stråkjølen og rorflyndra på. Da var det å smørje undersida med steinkoltjære før den vart sett ned igjen og vatra.

Deretter begynte prosessen med innreiing, først dørken og flytetankar framme og bak. Så var det å bestemme om det skulle vere ein styrbord eller ein babord båt. Dette var viktig for plassering av garnrull og notspel. Det var da mange som arbeidde med dei ulike gjeremåla, og alle visste korleis det skulle gjerast. Det blei montert beslag på ripa for støtte og visarar for garnrullen.

Teikning av Marna-motoren. Gjengitt med løyve frå Marna Motor, Mandal.

Davitar og ringboltar med saks blei montert framme i baugen. Motorfundament vart montert, fundament for hylse og aksling kom på plass, og motoren vart plassert på fundamentet og justert og festa. Alle snurpenotbåtar og basbåtar hadde Marna 24/32 hk. motor.

Etter at dei store delane var på plass, blei det montert bensintank, kjølevassrøyr og eksosrøyr – alt tilpassa om det var ein styrbord eller babord båt. Samtidig var det nokre som spikra på list-jern på sidene, og nokre som smurde båten med impregnering utvendig og innvendig.

Etter som prosessen gjekk vidare, vart båten flytta ei båtlengd og meir utstyr vart montert, så som «kne» av jern på toftene og plater i baugen for beskyttelse, og til slutt korger rundt propellen for å unngå at ein fekk nota i propellen. Båten vart altså flytta framover etter som arbeidet gjekk; det var som eit samleband med forskjellige postar.

Når båten var kommen fram til slippen, var det å montere utstyr frå smeden, slikt som rull-støtter – visarar – davit–listjern (på sidene for vern) og notrull. Etter sjøsetting var det å justere motoren, slik at aksling og motor stemte overeins. Etter det var det å fylle på litt bensin og prøvekøyre, før båten var klar for overlevering.

Det blei bygd mange båtar i veka, spesielt om etterjulsvinteren kunne det bli opptil seks båtar i veka. Men vintertida var spesiell, med fast overtid i januar, februar og mars. Vanleg arbeidsveke elles i året var på 48 timar, men i vintermånadene var det vanleg med 68 timar. Det hende også at det var overtid på andre tider. Når det til dømes var nokon som hadde fått skade på ein båt, så kom dei og fekk det ordna, og da var det ikkje noko som heitte at dagen var slutt; det var å stå på til jobben var ferdig.

Det var fullt køyr om vinteren, og det var da ca. 50 mann i arbeid. Det var ein fast stabil kjerne som hadde dette som sin arbeidsplass. Men så var det i tillegg mange gardbrukarar som var der berre om vinteren, og når vårsildfisket var over blei det mindre arbeid, og dei som hadde gard var da heime og dreiv garden sin. Dette var ei god ordning for alle.

Det var mange som brukte notbåten berre på vintersildfiske, og desse fekk båtane lagra i nausta ute i Skorgen. Det var skinnegang i grunnen, og traller der det var plass til to båtar på kvar. Her sto dei da heile sommaren under tak for at sola ikkje skulle tørke dei ut så borda sprakk. Når tida kom for å hente båtar, reiste fire mann med utstyr ut til nausta, jekka opp kvart hjul på tralla, tok dei av og hadde på «grease» på akslingen og sette båten ned igjen, og da var han klar for å bli skuva på sjøen.

På ein arbeidsplass som Kjøpstad Båt med så mange arbeidarar, vil det gjerne oppstå enkelte episodar. Eg skal nemne nokre som eg var med på: Ein gong vi hadde vore på Villabø-saga og henta båtbord med to notbåtar og kom tilbake til Kjøpstad, var klokka komen så langt at det var matpause (12–13), så vi tok den pausen. Da vi kom ned på kaia igjen, var begge notbåtane under vatn. Bordstabelen låg i ro, og det var berre å gå i gang med å tømme lasten. Båtane flaut på lufttankane.

Ein annan gong, det var i mars månad og snø med minusgrader, hadde eg prøvekøyrt ei ny snekke. Da eg kom til kaia og hadde lagt fast, fekk eg beskjed om å male taket på «hundehuset» (eit lite hus på toppen av lugaren med vindauge slik at båtførar kan stå oppreist og ha full oversikt) på snekka. Mens eg stod der på kne ved sida av huset, kom det ein stor fraktebåt ut fjorden. Dette såg ikkje eg, så da bølgjene frå båten kom fram til kaia, så rugga snekka på seg og eg miste balansen og datt på sjøen. Eg kan ikkje symje, så da eg kom opp, var det å få luft og prøve nokre tak mot kaia. Det var ikkje langt, så eg fekk fort tak i ein kaistolpe og klatra opp. Vel oppe begynte eg å ta av meg kleda og vri dei. Da kom Jørgen Kjøpstad og kommanderte meg til å bli med opp i huset hans. Der fekk eg tørre klede frå inst til ytst og var klar for ny dyst. Men han sleppte meg ikkje så fort, han tok ned ein kaffikopp frå skapet og ei flaske Brandy Spesial, slo koppen halvfull og bad meg drikke opp, så slo han oppi ein gong til og sa at eg måtte drikke – «du får finne anna arbeid resten av dagen. Arbeidarane mine skal ikkje bli sjuke.»

Vinteropplag av båtar var også noko som var aktuelt for Br. Kjøpstad. Ein gong eg var med for å hente ein båt som Molde tollvesen hadde i vinteropplag var litt spesiell, for Jørgen K hadde alltid ei løysing når det blei krise. Ein tollbetjent var kommen frå Molde og skulle hente båten, men den stod på land i eit naust og måtte først sjøsettast. Vi brukte arbeidsbåten – jernbåten som den blei kalla, den var grei å bruke til slikt arbeid fordi den var utstyrt med to kraftige lensepumper med slange på 50 mm diameter.

Da tollbåten var kommen på sjøen, lak han som forventa mykje. Lenseslangane blei fort hivde om bord og pumpene gjekk for fullt. Det viste seg at dette ikkje var nok, så to mann med bøtter måtte hjelpe til. Men sjøen heldt fram med å stige i båten. Da tok Jørgen dokumentmappa frå tollaren og tømte innhaldet av papir på dørken og gav dokumentmappa til Anton V. og bad han om å ause. Båten trutna etter ein stund og krisa var over.

Et oppdrag som Br. Kjøpstad også hadde, var å bygge fleire båtar til eit prosjekt som blei kalla NorDaFar. Dette var dekksbåtar på 35-40 fot med rorhus og lugar framme. Dei var utstyrte med ein 4-sylindra turbodiesel-motor frå Marna, og var berekna på ei besetning på fem. Under utrusting av ein av båtane ved kai skulle Jørgen hente eit lås 13 mm ankerkjetting (27,5 m). Han tok ei trillebåre og begynte å hale kjetting oppi. Som dei fleste veit, er trillebåra ustabil i framkant med berre eit hjul; det gjorde at den bikka nokså snart og heile låset med kjetting hamna i sjøen. Han sa nokre «ord» og kom bort til meg og sa –«du får ta den opp du», og det gjorde eg og fekk den om bord i båten.