R2 med topp av i 4-5 år

Har anskaffa meg ein gamal motorseglar, LM 21, som har ein 1964 modell Marna R2 montert. Denne motoren har stått med toppen av i 4-5 år, grunna reparasjonsarbeid. Det har kome ein del overflaterust i sylindarforingane, og motoren var også full av ein blanding av olje og vatn. Har teke ut motoren, tømt han for olje/vatn-smørja og sett litt over han. Ser ikkje så gale ut, han sviv fint rundt når eg brukar sveiva. Det eg lurer på, er om dette er noko å satse på, eller om det berre er å kjøpe ein annan motor å setje inn. Må i tilfelle ha nye stempelfjører, ventilar, tennpluggar, splint i kjølevatnpumpe, toppakning, eksospakning, + sikkert andre ting som eg ikkje har greie på. I tillegg må nok magneten overhalast? Har ikkje gnist frå den. Forgassaren veit eg heller ikkje tilstanden på… Har de bruksanvisning / motorhåndbok til denne? Kan dette vere lønsamt?
Takknemlig for tilbakemeldingar!

Hallo
Marna type R2 er en meget anerkjent motor, med lang levetid. Av det du beskriver, ville vi ha satset på å få den R2 du har i god stand. Du bør hone litt i sylindrene (bare litt) siden det har vært rust der. Du kan også bruke et fint smergel i sirkulære bevegelser, hvis det er vanskelig å få låne (leie) et honeapperat. Et bytte til  en annen motor i båten, krever nesten alltid en god del ombyggings arbeide av motorfundament. Vi kan levere de deler du lister opp. Vi hører gjerne fra deg igjen.